Du har tastet feil kode Kontakt kundeservice »
Glemt koden Abonner på magasinet

Konkurrer deg sterk i motbakkeløp

/ 11-06-2017 11:30:00

Vinnaren av noregscupen i motbakkeløp gjev deg sine beste tips for å slå din eigen rekord eller den største rivalen i kompisgjengen.

Tekst: Gjermund Midtbø

Langrennsløparar opnar alltid veldig hardt og er enormt flinke til å henge i ryggen. Dei er verkeleg krigarar, men overvurderer kanskje seg sjølv ein del også, humrar Erling Hisdal.

LANGRENNSLØPARAR TEK OFTE STARTEN
Vestlendingen møter oss i raude og kvite klubbklede frå Tjalve på toppen av Damefallet, ein kjent intervallbakke for mange på Kringsjå i Oslo. Men for Erling Hisdal er bakken i slakaste laget. Han er ein av få satsande motbakkeløparar som bur i hovudstaden og ikkje har bratte vestlandsfjell tilgjengeleg i treningskvardagen.

Likevel vann Hisdal noregscupen i motbakkeløp samanlagt i fjor. Han har gått frå fotball, via langdistanseløping, til nå og satse alt han har på motbakkeløp. Ofte møter han langrennsløparar i fjelløp rundt om i landet, og lar seg imponere over kapasiteten, men trur mange har potensial til å gjere det enda betre.

– Ofte ser eg langrennsløparar 100 meter framfor meg etter 1 kilometer, men eg tek dei igjen når bakkane blir brattare. Det kan vere lurt å halde litt igjen i starten, men sjølvsagt om det er flatt i starten og ein har styrken sin der, må ein jo opne hardt.

Men Hisdal frå Vaksdal i Hordaland vil ha det brattast mogleg. Løpa med minst mogleg flater og mest mogleg stigning er hans favorittar, som han sjølv seier:

– Eg vil kjenne på smerten heile vegen. Eg tenkjer på det som positiv smerte, gliser han.

JOBB PÅ TÅ
Når det blir så bratt og mjølkesyra tek over fornuften, kan det vere vanskeleg å tenkje løpsteknikk. Hisdal har nokre få gode hugsereglar.

– Det viktigaste er å jobbe på tå. Ein må tenkje korte steg med høg frekvens. Da går det mest på leggmuskulaturen og ikkje like mykje på låra som blir tyngre. Overkroppen skal vere strak og ikkje falle for langt fram som mange har ein tendens til når dei blir slitne. Mange skiløparar brukar skigang med djupe steg, og det kan også fungere for mange, men det kostar meir. Eg unngår det mest mogleg og fokuserer på å jobbe tå.

Mange diskuterer om det er lurt å gå i dei aller brattaste bakkane i staden for å springe. Kva meiner du?

– Så lenge det er under 40 prosent stigning og det er underlag som er mogleg å springe på, prøvar eg å halde det gåande med løping. Det går ofte fortare å gå med lange djupe steg, men det kostar meir krefter. Men for mange vil det vere betre å gå, seier Hisdal.

Motbakkespesialisten håpar å møte mange av Noregs beste på ski til dyst opp bratte fjellsider i sommar. Det vil dei ha igjen for til vinteren, trur han.

– Definitvt, ein får jobbe med høg puls heile vegen. Ein ligg nær maks-puls frå start til mål, rundt 85 til 90 prosent. Eg vil ha så god konkurranse som mogleg og få mest mogleg matching frå gode konkurrentar. Eg har blitt slått av skiløparar før eg, ler Hisdal.

ABONNER på magasinet
annonse